Syn og Segn

Syn og Segn er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike allmennkulturelle tidsskrifta i dag, stifta av Arne Garborg og Rasmus Flo i 1894. Tidsskriftet har lesestoff over eit breitt register av tema innanfor kultur, politikk og samfunn og er eit naudsynt korrektiv og supplement til kulturdekninga i norske medium. Syn og Segn er ein premissgjevar i det breie offentlege ordskiftet – ikkje berre for det nynorske kjernepublikummet, men også for kritisk kulturinteresserte i alle samfunnslag.

Syn og Segn har ei variert blanding av kjende tema og kuriøse tekstar, og gjev lesarane pusterom og tid til å fordjupe seg i forskjellige artiklar. Som nynorsk tidsskrift representerer Syn og Segn både ein nisje, ein folkekultur og ein motkultur.

Gi Syn og Segn i gåve!

Årsabonnement (4 utgåver) koster 425 kroner.

Tegn gåveabonnement her!

 

Advertisements